Norsk antikvarbokhandlerforening arrangerer sin årlige bokmesse i Litteraturhuset i Oslo 24.–26. november 2017.
Bøker, kart og prospekter vil forhandlet. Også skandinaviske bokhandlere vil være representert. Messekatalogen vil foreligge tidlig i november på dette nettstedet.
Norsk antikvarbokhandlerforening er i år 75 år.
Kategoriarkiv: Bokkunst
Kunstnarbøker på Hauge-senteret i Ulvik
Temautstillinga «Ordefar» på Olav H. Hauge-senteret i Ulvik denne sommaren syner bokkunst på nye måtar. Kva skjer når lyrikk spelar saman med andre kunstformer? Korleis kan lyrikk opplevast gjennom eit taktilt, visuelt språk?
Kunstnar Randi Annie Strand stiller på utstillinga ut arbeid der skrift, språk og sanseerfaringar er sentrale element. Ho har lenge vore fasinert av bokmediet sitt kunstnariske potensiale.
Kunstnarbøker er ei form der boka utgjer eit sjølvstendig estetisk uttrykk. Slike bøker er ikkje berre tekst- eller bildeformidlarar. Ei kunstnarbok kan nemleg ha eit konseptuelt, teoretisk, materielt, sanseleg og språkleg innhald. Boka kommuniserer gjennom det visuelle, det taktile, det mekaniske, det litterære og det fysiske formatet.
Utstillinga inneheld ruller (bildet), bøker med Braille og relieffbilder, bokskulptur, bøker i filmformat, teiknspråkvideo m.m. og står til 22. september. Gratis inngong.