Grafill-utstilling: Works on books

En bok som går i sirkel. Såpe fremstilt av bøker. En bok som også er et billboard.
Blant annet slik blir utstillingen Works on books (Grafill R21 – Rosenkrantz gate 21 i Oslo, 9.–26. nov. 2017) presentert på nettet.
Videre i teksten heter det: «’Works on Books’ forsøker å undersøke bokens potensiale som objekt og struktur. Utstillingen er ikke ment som en hyllest til bokens eksistens – ei heller gravøl til denne gamle teknologiens angivelige fall – men ønsker å gi rom for nye observasjoner, betraktninger og tolkninger.»
Det vil bli holdt to foredrag i forbindelse med utstillingen, som er åpen for alle og gratis.

Kunstnarbøker på Hauge-senteret i Ulvik

Temautstillinga «Ordefar» på Olav H. Hauge-senteret i Ulvik denne sommaren syner bokkunst på nye måtar. Kva skjer når lyrikk spelar saman med andre kunstformer? Korleis kan lyrikk opplevast gjennom eit taktilt, visuelt språk?
ordefarKunstnar Randi Annie Strand stiller på utstillinga ut arbeid der skrift, språk og sanseerfaringar er sentrale element. Ho har lenge vore fasinert av bokmediet sitt kunstnariske potensiale.
Kunstnarbøker er ei form der boka utgjer eit sjølvstendig estetisk uttrykk. Slike bøker er ikkje berre tekst- eller bildeformidlarar. Ei kunstnarbok kan nemleg ha eit konseptuelt, teoretisk, materielt, sanseleg og språkleg innhald. Boka kommuniserer gjennom det visuelle, det taktile, det mekaniske, det litterære og det fysiske formatet.
Utstillinga inneheld ruller (bildet), bøker med Braille og relieffbilder, bokskulptur, bøker i filmformat, teiknspråkvideo m.m. og står til 22. september. Gratis inngong.