Forleggjarar som endra Noreg

EIT FOREDRAG I FIRE FARGAR – OPE NBBS-MØTE

Bonden Erik Gunleikson i Risør skipa forlag og kunne knapt seie nei til forfattarar. Prestedottera Gudveig Høyem i Oslo fargela språket til alt svartna. Husmannssonen Marius Evjeberg i Lofoten visste ikkje at døgnet har berre 24 timar. Sara Handagard i Oslo dreiv forlag og var truleg den første litterære agenten i landet.
I foredraget fortel Ottar Grepstad om desse og mange andre forleggjarar som han har skildra grundig i allkunneverket Bokhistorier (2022). Publikum får også høyre om bokhuset i Blusuvollsbakken, ein forlagssjef som aldri blei fotografert, og om bokhandlaren i Fosna før Grepstad samlar nokre linjer i historia om korleis den nynorske skriftkulturen blei bygd ut gjennom aviser, blad og bøker.
Ottar Grepstad frå Jølster er forfattar, språk- og litteraturvitar.
Ope møte arrangert av NBBS tirsdag 17. oktober kl. 19 i Nasjonalbiblioteket, Halvbroren, møterom 70 (inngang frå Observatoriegata). Velkomen!
(Datoen er endret – IKKE onsdag 18. oktober!)