Fleire forskarar arbeider eller har arbeidt med boksamlingar skapt av enkeltpersonar eller organisasjonar.
Nynorsk kultursentrum ønskjer å skape ein møteplass for dette. Dei inviterer difor til seminaret «Boksamlingas forteljingar: Kva kan vi lære av ei boksamling?» i Aasentunet i Ørsta 17.–18. oktober 2024.
Mellom anna vil ein drøfte korleis ein kan forske på ei boksamling, og kva kan boksamlinga fortelje oss om eigaren eller om samfunnet eigaren levde i?
Kamilla Aslaksen vil ta for seg Hamsun si boksamling på Nørholm. Aslaug Eidsvik Cora Sandel/Sara Fabricius si boksamling. Stina Aasen Lødemel Ivar Aasens boksamling. Ellen E. NIcolaysen Auresamlingen i Nasjonalbiblioteket. Og fleire – heile programmet her.