Overflodshorn om nynorsk skriftkultur

Sakprosaforfattaren og nynorskforkjemparen Ottar Grepstad har i 2022 gjeve ut boka Bokhistorier – eit essayistisk og leksikalsk overflodshorn om bøker, forlag og forfattarar.
– Illustrerte forteljingar om skilsetjande bøker frå 1900-talet. – Manntal over dei som har skrive skjønnlitterære bøker på nynorsk eller dialekt frå og med Henrik Wergeland. – Ei lita allkunnebok om 45 forlag som gjennom 150 år endra Noreg. – Ei rekkje forlagsbibliografiar som aldri før har vore laga.
Mellom dei lange linjene i nynorsk skriftkultur er det god plass til minnerike hendingar og ukjende historier om folk som visste kva dei ville.
Omtalen er henta frå Nynorsk antikvariat. Eit intervju med Grepstad her.
790 sider. Ill. Heftet. Kr 790,-.