Fagseminar om postkortkunst


Nasjonalbiblioteket arrangerer fagseminar om teikna postkort onsdag 12. desember.
Det fyrste norske julekortet blei teikna av Wilhelm Larsen i 1883. Bildehistorikar Ivar Ulvestad, som står bak fleire bøker og artiklar om norsk postkorthistorie, fortel om julekortet si utvikling. I over 15 år har Nutta Haraldsen forska på dei norske postkortillustratørane. Ho har funne informasjon som er uvurderleg for bevaring av den norske kulturhistoria. Den kjende kunstnaren Egil Torin Næsheim, med sin lett attkjennelege strek, fortel om korleis det er å arbeide som illustratør i dag.
Seminaret er gratis, og varer fra kl. 13–16.