Boka om boka

Forfatteren Hans Johan Sagrusten har på Verbum forlag gjeve ut Boka om boka, og forlaget inviterar til boklansering og foredrag 24. oktober.
Kvifor bruker vi bøker og ikkje skriftrullar? Kva har moderne lesebrett med antikkens skrifttavler å gjera? Og hadde dagens bøker sett heilt annleis ut om ikkje dyreskinn var avlange?
Boka om boka handlar om gamle skrivemateriale som papyrus og pergament, om vokstavler og skriftrullar – men òg om oss sjølve. For historia om boka er samtidig historia om vår eigen kultur. Gjennom to tusen år har Bibelen påverka skriftkulturen og vore pådrivar for den teknologiske utviklinga i bokkunsten. I denne store boka har ein alltid brukt berre det beste av skrivematerialar, det vakraste av kunsten, det nyaste av teknologi – alt dette som har forma både bokkunsten og våre eigen kultur.
Hans Johan Sagrusten vil halde eit 45 minutters foredrag om dette på Litteraturhuset i Oslo 24. oktober 2019 kl. 18-19:30.