Ei illustrert historie

Den allsidige forfattaren og samlaren Einar Økland skisserer opp historia til den norske illustrasjonskunsten i Noreg i eit arrangement på Nasjonalbiblioteket laurdag 1. april kl. 14.
einar_okland
Kva kjenneteiknar den norske illustrasjonskunsten? Korleis har han endra seg gjennom historia, og kva kunstnarar og teknikkar har prega utviklinga?
Einar Økland har skrive fleire bøker om bokomslag og norske illustratørar, til dømes Harald Damsleth, Per Krohg og Theodor Kittelsen. Han sit på den største samlinga av bruksgrafikk og trivialbilete i Noreg, og har som dedikert samlar av kulturhistoriske kuriositetar utforska og formidla norske illustrasjonar av ulike slag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *