Upublisert Ivar Aasen-materiale

På den gamle og verneverdig garden Solnør på Sunnmøre har dei oppdaga upublisert materiale frå sjølvaste Ivar Aasen, skriv nrk.no Møre og Romsdal.


Aasen jobba og bodde der frå 1835 til 1842, som lærar  for dei seks barna til kaptein Ludvig Daae.
I den gamle boksamlinga er ikkje noko kasta på 150 år, og det er funne mellom anna ei gammal bok der Aasen hadde kladda ned tankar om grammatikk på omslaget.