Nasjonalbiblioteket arrangerer i samband med feiringa av den norske bokas 500 år eit seminar 7. mai, som set fokus på den fysiske, kunstnariske utforminga til boka. Kva for salsstrategiar og estetiske avgjersler ligg bak omslagsdesign, plakatar og handverk i praksis?
Til seminaret kjem illustratør Trond Bredesen, bokbindar Lise Bøthun, professor i design og bokillustrasjon, Hilde Kramer, seniorrådgjevar i NORLA, Oliver Møystad, forleggjar i Magikon forlag, Svein Størksen, og forfattar Einar Økland. Frå Nasjonalbiblioteket kjem forskingsbibliotekarane Anne Kristin Lande og Martina Gaux, konservator Nina Hesselberg-Wang og seksjonsleiar Arthur Tennøe.
Nasjonalbiblioteket tirsdag 7. mai kl. 09:30–16:00.