Anton Aures «Norsk boksamling» er tema for eit møte på Nasjonalbiblioteket tidleg i 2019.
I 1916 gav Anton Aure (1884–1924) ut bibliografien Nynorsk boklista. Skrifter i bokform paa norsk – bygdemaal og landsmaal – 1646–1915. Boka vekte oppsikt og viste at den nynorske litteraturen hadde blitt meir omfangsrik enn mange trudde. Nesten alle bøkene i bibliografien fanst i Aure si private boksamling. Då han døydde, blei samlingane kjøpt av Det Norske Samlaget og deponert hos Universitetsbiblioteket, og innsamlings- og dokumentasjonsarbeidet blei vidareført fram til 1970-tallet. Samlinga er i dag ei unik kjelde til lærdom om nynorsk bok- og litteraturhistorie.
Foredraget vert halden av Ellen E. Nicolaysen, tirsdag 15. januar kl. 13–15.
Norsk bok- og bibliotekhistorisk selskap (NBBS) ønsker med dette alle bok- og bibliotekhistoriske interesserte ei god jol og eit godt nytt år, og vi ser fram til markeringa av det norske bokåret 2019.