Nasjonalbiblioteket arrangerer 30. mai en heldags workshop om bevaring og digitalisering av skillingstrykk.
Nasjonalbiblioteket har ei omfattande samling skillingstrykk, og har nyleg byrja arbeidet med å digitalisere dei. Korleis er prosessen frå arkivkonvolutt til vising på nett? Og korleis tek ein vare på skjøre og smuldrete visetrykk?
Å gjere eldre skillingstrykk digitalt tilgjengeleg krev mange ulike former for fagkompetanse. Gjennom presentasjonar og diskusjonar vil denne workshopen sjå nærare på tema som emballering og oppbevaring, papirkvalitetar og trykking, emneord og sjangerinndelingar, katalogisering og digitalisering.
Programmet er lagt ut på Nasjonalbibliotekets nettsider. Det varer frå kl. 10-15:30.