NBBS Logo

Norsk Bok- og Bibliotekhistorisk Selskap

presenterer

Norsk bibliotekvesens historie fram til ca 1900: ein bibliografi

av Ove Arstein og Reidun Kringstad
Hovedoppgave ved Statens bibliotekskole våren 1975

FØREORD || ALFABETISK HOVEDDEL || STIKKORDREGISTER || KILDER || FORKORTNINGAR

INNLEIING

Formålet med denne bibliografien har vore å samle mest mulig stoff skrive om norsk bibliotekvesen frå så langt tilbake som råd var og fram til ca. 1900.

Det var vanskeleg på førehand å danne seg noko bilete over kor mykje litteratur det var rimeleg å finne, og kva kjelder det i førstninga var best å gå til. Første oppgava var derfor å finne ei rimeleg tidsramme. Norske avdeling på Universitetsbiblioteket som vi meinte var den beste staden å søke råd hos til ei slik oppgave, trudde det var skrive så lite om emnet at dei rådde oss til å begynne å samle det som var skrive, frå den eldste tid og opp til siste verdskrigen.

Vi starta då med å samle stoff som hovudsakleg omhandla norsk bibliotekvesen i dette århundre. Dette fordi vi rekna med at dette stoffet var best registrert, og at vi derfor ville bli forholdsvis fort ferdig med denne delen av oppgava. Etter ei tid skjøna vi at stoffmengda ville bli alt for stor. Som ny førebels grense valde vi 1914. Også dette blei for vid tidsramme. Og etter samråd med veiledar vart vi einige om å sette grense ved ca. 1900. M.a. fordi vi fekk ei bibliotekreform i 1902.

Bibliografien inneheld også litteratur om åra etter 1900. Somme sentrale personar som hadde sitt virke kring århundreskiftet, produserte ein del litteratur både før og etter 1900, og vi fann ingen grunn til å kutte ut deira produksjon etter 1900. Fleire historiske oversyn tar også med stoff frå tida etter 1900. Men samstundes har dei verdifullt stoff frå førre århundre og stundom også frå enda tidlegare tid.

Den andre oppgava var å definere "Norsk bibliotekvesen", dvs. kva slags stoff var det naturleg å ta med, og kva ikkje. Før 1900 var terminologien ikkje så velutvikla og presis som den er i dag.

Ordet bibliotek var ofte ikkje nytta der det i dag ville vere naturleg å bruke det. I tillegg til stat og kommune var det ofte forskjellige foreningar og lag som dreiv med det vi i dag vil kalle bibliotekverksemd. Det kunne vere folkeakademi, landhusholdningsselskap, arbeiderforeningar, religiøse lag, sogneselskap og leseforeningar. I tillegg var det fleire privatpersonar som stilte biblioteket sitt til disposisjon slik at det i røynda fungerte som offentleg folkebibliotek. Idéen bak denne aktiviteten var å fremme den allmenne opplysning.

Vi valde derfor å ta funksjon som utgangspunkt, og å ta mindre omsyn til dei formelle nemningane. Hvis ikkje ville vi gått glipp av mykje litteratur som har direkte samanheng med det vi i dag ville kalle bibliotekvesen.

Likevel blei avgrensninga heile tida det største problemet. Det er mulig at vi stundom definerte norsk bibliotekvesen for romsleg. Men vi valde denne metoden ut frå tanken at det er lettare å kutte ut overflødig stoff for eventuelle brukarar av bibliografien enn at dei laut prøve å finne fram til litteratur som var relevant, men som vi ikkje hadde tatt med.

Arbeidet med å samle stoffet skrive før 1900 blei meir omfattande enn rekna med. Innhaldsoversiktar og eventuelle stikkordregister var ofte mangelfulle, og terminologien verka framand. Ein laut søke under titler som "Opplysning", "Almue- eller Folkeopplysning," "Kultur," "Skole og undervisning," "Foreningar" osv. Ofte var det nødvendig å lese gjennom heile artiklar i tilfelle dei skulle skjule stoff om bibliotekverksemd. Eller ein søkte på personar som ein visste hadde interesse for bibliotekarbeid.

Vi har stort sett henta stoffet frå bøker og tidsskrifter. Å bruke aviser meinte vi vart for tidkrevande. Men vi har gått gjennom nokre få som hadde register og elles når det var henvisning frå andre kjelder til aviser, har vi tatt med desse.

Norsk lokalhistorie synte seg å vere ei viktig kjelde. Ein finn der mykje stoff som ein ikkje finn andre staderx. Då vi samla dette stoffet, måtte vi bruke same søkemetoden som for den andre litteraturen. Det var heilt vanleg at alle typar bibliotek i ein by eller kommune som folkebibliotek, skolebibliotek, fagbibliotek og private bibliotek var omhandla i samme kapittel. Overskrifta kunne vere "Kulturlivet i kommunen," "Undervisningsvesenet", "Institusjonar og foreningar" osv. Dette heng delvis saman med at virkeområda til dei ulike bibliotek ikkje var så klart definert som dei er i dag. Dessutan var det fleire bøker i lokalhistorie som ikkje hadde den enklaste innhaldsoversikt, noko som gjorde arbeidet vanskelegare.

Biografier er tatt med i dei høve den biograferte var bibliotekar eller er blitt hugsa av ettertida hovudsakleg for sitt arbeid med bibliotekvesen.

Då den funne litteraturen oftast omtalar dei forskjellige bibliotekstypar under samme tittel, og er ofte innfletta i anna kulturelt stoff, fann vi det vanskeleg å systematisere stoffet for dei einskilde bibliotekskategoriar på den tida som var til rådvelde. Ei slik systematisering ville bl.a. kreve at ein las gjennom storparten av litteraturen som er samla. Dei generelle omtalane av dei ulike bibliotekstypar vil ein likevel finne i stikkordregisteret. Men dei utgjer ein nokså beskjeden del av innførslane.

Oppgave er ordna etter ein alfabetisk hovuddel på forfattar, eller der denne manglar på tittel. I stikkordregisteret vil ein m.a. finne ei geografisk inndeling. Søker ein t.d. stoff om bibliotekvesenet i ein kommune eller by, ser ein etter under namnet, og blir henvist med 1øpenummer til samme løpenummer i den alfabetiske del. Men det fins to unntak: Det gjeld Deichmanske bibliotek i Oslo og Bergen offentlige bibliotek. Desse søker ein under vedkommandes navn. Dette unntaket gjorde vi av praktiske grunnar, då det var skrive serleg mykje om desse biblioteka. Personar er tatt med i dei tilfelle dei ikkje har fått innførsel i hovuddelen.

Bibliografien blei ikkje så fullstendig som vi i førstninga hadde håpa. Stofftilfanget blei uventa rikt. Men vi håper dette kan vere ein begynnelse til ei fullstendig registrering av litteraturen over historia til norsk bibliotekvesen.

x) A.Kildal har bygt mykje på denne litteraturen i si bok "Norske Folkeboksamlinger."


FØREORD || ALFABETISK HOVEDDEL || STIKKORDREGISTER || KILDER || FORKORTNINGAR